Beinkjør
Lærdal rebel rock n roll
I år 2000 la to skitungar ned dei fyrste byggesteinane i det som skulle bli Lærdals minst verneverdige byggverk: Beinkjør. To heimebrente album med rølpepunk vart spelt inn delvis på hybel og delvis i eit nedlagt pels-slaktehus før bandet flytta til Bergen for å bli eit ordentleg band.
-Vel, i det minste eit band med full besetning. Albumet «Rock for Rus» med den uekte sogneslageren «Såggning» kom i 2008 og i 2010 kom albumet «Skot & Skrømt» som tok føre seg livet i Indre Sogn, på godt og vondt.
Etter ein lengre periode med oppløysningar, steinras, flaum og ferjekø er Beinkjør tilbake for å spela meir Lærdal rebel rock'n'roll. Det blir i beste fall interessant.